mandag 25. mars 2013

Påskeglad Yoghurtkake

009

‘Alltid ein vinnar’-kaka Yoghurtkake har fått ein glad påskefarge og smak.

Bytt ut bringebærgelè med appelsingelè, og vips ~ GOD ♥ PÅSKE

 

 

 

 

 

 

 

010

♥ PÅSKEBAMSE ♥

søndag 17. mars 2013

Cookies med sjokolade og nøtter

001

Denne oppskrifta har eg fått frå ei kusine, som tok den med frå USA. Ypperleg, i og med at den er til 12 cookies, og fort gjort å baka om ein skal ha besøk, eller vil ha med på tur.

Til 12 cookies treng du;

125 gr smør

100 gr sukker

1 egg

140 gr kveitemjøl

1/2 ts bakepulver

1 klype salt

100 gr mørk kokesjokolade, grovhakka

75 gr mandelflak

*Smelt smøret og avkjøl. Bland smør og sukker godt. Tilset egg og rør til ein jamn deig.

Tilset kveitemjøl, bakepulver og salt. Bland sjokolade og mandlar i deigen.

Set omnen på 175 grader. Fordel 12 kaker med skje på bakepapirkledd plate. Steikes midt i omnen i 15 minutt. Avkjøl på rist.

torsdag 7. mars 2013

Knekkebrød

006

 

Heimelaga knekkebrød er ekstra gode. Desse er grove, med mykje gode frø i. Kor mange knekkebrød du får ut av oppskrifta kjem an på kor store du vil ha dei. Eg skar kvart brett i 4x4 ruter.

Steikes i varmluft ved 150-160 grader.

2 dl sammalt kveite, grov

2 dl lettkokte havregryn

2 dl havrekli

2 dl gresskarfrø

2 dl solsikkekjerner

1 dl linfrø

1 dl kruskakli

2 ts salt

6,5 dl vatn

*Bland alt og la det stå i 10 minutt.

Fordel røra på 3 steikebrett og smør røra jamt utover.

Sett i steikeomn i 10 minutt, og ta ut for å skjære stykkjer.

Steik videre i 50 minutt.

008