søndag 13. mai 2012

Harde vafler

Småkaker som var å finna i farmors kakeboksar året rundt. Godt til kaffien, og kos til barna.                                    Oppskrifta kjem her ; 4 egg og 250 gr sukker vispes, 250 gr smelta smør, 250 gr potetmjøl, 1/2 kg kveitemjøl, 1 ss hornsalt, 1 ts natron utrørt i litt vatn.

Til ein konfirmant

Marsipankake pynta til ein trial-køyrande gut.
Kaka er fyllt med banan, heimelaga karamellsaus og fløyte.
Som vanleg dynka eg med sprite, for friskhetens skyld.
'Hjulsporet' er laga av eit firkanta 'stempel' dyppa i kakaopulver.


Siri

lørdag 12. mai 2012

Formkake med pecanøtter og lønnesirup

 Dette vart ei saftig og kjempegod formkake, perfekt til kaffikosen!

Her er den servert med jordbær til, men om ein skulle perfeksjonere det ennå meir, så ville eg gjerne hatt ei kule vaniljeis til også...
Oppskrifta er som dette ;

100 gr smør
1 dl brunt sukker
2 egg
2,5 dl kveitemjøl
1 ts bakepulver
1 dl vaniljesaus

75 gr pecanøtter
2 ss lønnesirup

*Grovhakk pecanøttene og hell over lønnesirupen, og la det liggje og trekke medan du lagar røra.

*Rør smør og sukker kremet, og rør inn eitt og eitt egg.
Tilset vaniljesausen, og bland i kveitemjøl og bakepulver.

*Kle ei brødform med bakepapir. Legg ca halvparten av røra oppi forma og strø over noko av pekanøttene. Bre over resten av røra, og strø over resten av nøttene.

Steik kaka nederst i ovnen på 180 grader i ca 1/2 time. Avkjøl og nyyyyt!