søndag 26. februar 2012

Vårleg marsipankake

 *Del sukkerbotn i 2, dynk med nokre ss Sprite og smør raust på med bringebærsyltetøy.
* Fyll videre med vaniljekrem iblanda litt kremfløte.
 *Legg på ferdigdynka topp, og smør med kremfløte.
Kremfløten piskar eg saman med litt melis..
*Kjevle ut eit marsipanlokk, og pynt etter ønskje.

lørdag 25. februar 2012

Sukkerbotn

 Her er oppskrift på sukkerbotn til ei 26 cm form;

6 egg
180 gr sukker
120 gr kveitemjøl
30 gr potetmjøl
1/2 ts bakepulver

Visp egg og sukker til ein stiv eggedosis, ca 15 minutt.
Bland det tørre, og sikt i. Vend forsiktig og bland i eggedosisen.
Steikes nederst i omnen ved 160 grader i ca 40-45 minutt.

lørdag 18. februar 2012

Himmelsk lapskaus

Nyyydeleg dessert som aldri slår feil...

Fyll ei skål med;

Hermetiske fersken
Fruktcoctail
Banan
Kiwi
Bær

*Deles i biter og blandes...ha i noko av sukkerlaken frå ferskenane..

Server med vaniljesaus og nyyyyt!

fredag 17. februar 2012

Farmor's Firkløverkake

Her kjem oppskrifta om du skulle verta freista;


150 gr margarin røres kvitt med 300 gr sukker. Tilset 2 piska egg. 1/2 plate kokesjokolade oppløyst i 1/4 l mjølk, og 300 gr kveitemjøl med 3 ts bakepulver. Dette tilsettes vekselvis. Kaken steikes i rund form, i middels varm ovn i ca 45 minut.


Krem;

2 koppar melis, 1/2 kopp fløte, ca 100-150 gr firkløversjokolade, 1/2 kopp meierismør. Alt varmast opp til kokepunktet under omrøring.


Eg brukte mørk kokesjokolade til botn, og vanleg margarin i kremen då eg ikkje hadde meierismør i huset.. Middels varm ovn tolka eg til rundt 150-160 grader, og eg vart godt nøgd med resultatet..
Siri

lørdag 4. februar 2012

Snurrer med ost og skinke

 Denne oppskrifta har eg funne i farmor's handskrevne kokebok. Nokre små endringar er gjort med tida, og eg har kome fram til ein god variant..
Fyllet er stort sett ost og skinke, men eg brukar gjerne hamburgerrygg eller anna pålegg med eller utan krydder..
Oppskrift;

1 l vatn lunkes
i 150 gr smelta smør
1 pk gjær løyses opp
4 ss sukker
1 ts salt
2 ss krydderblanding - pizzakrydder, brødkrydder el.liknande..
1,5 kg kveitemjøl

*Knas godt ut, hevast til dobbel størrelse. Del deigen i 2 og kjevle ut til firkant. Ha på ost, pålegg og gjerne litt krydder (her har eg brukt paprikapulver). Rull saman og del til snurrer som legges på bakeplate. Etterhev ca 1/2 time. Steikes ved 190-200 grader i varmluft i 10-15 minutt...