tirsdag 24. januar 2012

Barnas Beste

Sjokoladekake er ein favoritt hjå mange, og her er kaka som gjer suksess for barna i mitt hus.

2 koppar sukker
2,5 koppar surmjølk
1/2 kopp smelta smør
3 koppar kveitemjøl
2 ts kanel
1,5 ts natron
1 ss kakao

~ Rør saman alt og steik i rund form ved ca 165 grader i 40-50 minutt. Avkjøl.

Krem;
100 gr mjukt smør
250 gr melis
1 ts vaniljesukker
1 ss kakao
3-4 ss kaffi

~ Rør saman kremen, del kaka i 2, fordel kremen inni og utanpå kaka og pynt med f.eks. melkesjokolade non-stop.

lørdag 21. januar 2012

Fuktig formkake


Denne kaka er knallgod, enkel og rask å laga.Og sidan den er så fuktig, må den serverast frå skål.

Du treng;

1 stor kakebotn - ferdigkjøpt duger heilt fint
1 boks hermetiske aprikoser
3 dl kremfløte
ca 2 dl vaniljekrem
5 ss eplesyltetøy
frukt og bær etter ønskje
Til dynking; appelsinjuice eller grapefruktjuice.

1. Hell aprikoslake i skåla (dekk botn). Pisk krem.
2. Bryt det første kakebotnlaget i biter og dekk laken. Del aprikoser og legg oppå. Legg på kremfløte i eit tjukt lag. Dekk med nytt lag kakebotn.
3. Dynk med juice, og smør på eit tynt lag med eplesyltetøy. Legg på eit nytt lag kakebotn, og dynk med juice.
4. Dekk med eit tjukt lag vaniljekrem og legg på det fjerde laget med botn. Dynk med juice eller aprikoslake, og dekk med eit tjukt lag med krem.
5. Stikk ned fruktskiver langs kanten, og pynt på toppen.

Server med ei stor og god skje.

Ostekake/dessert

Dette er ei kake/dessert som er enkel å variere alt etter ønske.
Denne skåla laga eg til foreningsdamene, og me er 7 stk.


Oppskrift til 7-8 personar;

2 beger Philadelfiaost, naturell
2 pk fløte
500 gr melis
2 pk Safarikjeks
4 kiwi'er

1. Pisk fløte og melis til krem, tilsett osten og rør til klumpfri.
2. Knus kjeksen.
3. Skrell og skjær kiwien i skiver.
4. Legg lagvis i skål ~ kjeks, kiwi og krem.

Nyt!!