mandag 25. mars 2013

Påskeglad Yoghurtkake

009

‘Alltid ein vinnar’-kaka Yoghurtkake har fått ein glad påskefarge og smak.

Bytt ut bringebærgelè med appelsingelè, og vips ~ GOD ♥ PÅSKE

 

 

 

 

 

 

 

010

♥ PÅSKEBAMSE ♥

søndag 17. mars 2013

Cookies med sjokolade og nøtter

001

Denne oppskrifta har eg fått frå ei kusine, som tok den med frå USA. Ypperleg, i og med at den er til 12 cookies, og fort gjort å baka om ein skal ha besøk, eller vil ha med på tur.

Til 12 cookies treng du;

125 gr smør

100 gr sukker

1 egg

140 gr kveitemjøl

1/2 ts bakepulver

1 klype salt

100 gr mørk kokesjokolade, grovhakka

75 gr mandelflak

*Smelt smøret og avkjøl. Bland smør og sukker godt. Tilset egg og rør til ein jamn deig.

Tilset kveitemjøl, bakepulver og salt. Bland sjokolade og mandlar i deigen.

Set omnen på 175 grader. Fordel 12 kaker med skje på bakepapirkledd plate. Steikes midt i omnen i 15 minutt. Avkjøl på rist.

torsdag 7. mars 2013

Knekkebrød

006

 

Heimelaga knekkebrød er ekstra gode. Desse er grove, med mykje gode frø i. Kor mange knekkebrød du får ut av oppskrifta kjem an på kor store du vil ha dei. Eg skar kvart brett i 4x4 ruter.

Steikes i varmluft ved 150-160 grader.

2 dl sammalt kveite, grov

2 dl lettkokte havregryn

2 dl havrekli

2 dl gresskarfrø

2 dl solsikkekjerner

1 dl linfrø

1 dl kruskakli

2 ts salt

6,5 dl vatn

*Bland alt og la det stå i 10 minutt.

Fordel røra på 3 steikebrett og smør røra jamt utover.

Sett i steikeomn i 10 minutt, og ta ut for å skjære stykkjer.

Steik videre i 50 minutt.

008

søndag 17. februar 2013

Brun sviger

 009

 

Dette er ei kake som vil gjere suksess uansett kva anledning den vert servert. Nydeleg gjærbakst med seig topping.

Deigen krev berre ei heving, så den er rimeleg kjapp å bake også.

 

 

 

 

007

Oppskrifta er til ei lita langpanne.

3 dl mjølk lunkes og 1 pakke fersk gjær røres ut. Tilset 1 ss sukker, 125 gr mjukt smør og 2 egg. Til slutt tilsettes 600 gr kveitemjøl, og dette eltes raskt saman.

Bre deigen ut i ei bakepapirkledd lita langpanne, og hev i 30 minutt.

Topping;

250 gr smør

250 gr brunt sukker

2 ss kanel

*Smelt smør og sukker i ei gryte, og bland i kanel.

Prikk deigen med fingrane og hell toppingen over.

Steik kaka i ca 25 minutt ved 200 grader i varmluft.

torsdag 7. februar 2013

Liten langpanne?

Når eg brukar oppskrifter til liten langpanne, plar eg bruka ei langpanne på 20 x 30 cm. Men eg har òg ei lita langpanne som er 18 x 35 cm.
Eg har alltid tenkt at lita langpanne er ei form som er halvparten av ei 'vanleg' langpanne...

Brukar eg rund kakeform, er det stort sett ei rund form på 26 cm.

Siri

mandag 4. februar 2013

Blåbærmuffins

008

Saftige og gode muffins. Denne oppskrifta gjer 10 store muffins eller ca 16 ordinære.
Sett ovnen på 180 grader.
125 gr smelta smør
2 dl sur mjølk, evt mjølk
1 stort egg
*dette blandast
4 dl kveitemjøl
1,5 dl sukker
2 ts bakepulver
skall av 1/2 sitron
*bland det tørre og ha det så oppi væsken
Rør tilslutt oppi 2 dl blåbær
Steik muffinsane i ca 15 minutt

lørdag 2. februar 2013

Havresuppe

 

012Denne suppa fekk me servert på barselavdelinga då eg fekk mine eldste gutar, og det er nok mange som har eit eller anna forhold til denne suppa.

Eg fekk lyst å koka havresuppe etter å ha funne boka ; MATLÆRE – kokebok for barne- og framhalsskolen (frå 1956) på Fretex.

009

 

Havregrynssuppe;

1-1,5 dl havregryn (lettkokte)

1 l vatn

3/4 dl søt saft

sukker etter smak

*Kok vatn og havregryn i ca 10 minutt. Ha saften i suppa når gryna er møre, og suppa er jevn. Ha i sukker.